Nye bruer i Bolladalen
I denne uka begynte delar av dugnagsgjengen i Holla Historielag jobben med å lage to nye bruer i Bolladalen i Fensfeltet, sjå bilde. Jobben blir leda av Erling Susaas.
Du verden for mulighetar som er på det flotte Fensfeltet. Men først må det lages skikkelege sikringsgjerder der. Det må nok gjerast av profesjonelle. Eg meiner Sparebankstiftelsen i Nome bevilga et par hundre tusen til Fensfeltet i regi av Nome kommune for 3-4 år sidan. Er beløpet blitt brukt?
Sparebankstiftelsen bevilga også penger til ny plenklyppar mm. på Fensfeltet. Dette er i alle fall brukt og Hans Kristian Torjusrød har vedlikeholdt stiane der ute på ein flott måte, sjå bilde.
Skal vi få til guida besøk i dei to tunnelane der ute i løpet av et par år? Mulighetane er der. Men altså først et par nye bruer.







Det er fleire som har sagt at desse benkane med bord og blomstergryter har medført at Krøsset har blitt mykje trivelegare. Det er ofte ikkje så mykje som skal til. I tillegg har bord og benkar vori mykje brukt i sommar.