«Hårr er Ulefoss sluse?»

Ulefoss-sluse skiltFør kunne ein stå like ved Krøsset , og det kom folk og spurte hårr Ulefoss sluse var. Det var ikkje rart, ein måtte nesten ha kikkert for å sjå skiltet der det sto på skakke.

Historielaget har masa litt på å få til betre info her.

Nå er det kommi opp et nytt stort og fint skilt. Gratulerer med det til Telemarkskanalen og Regionalparken.

Centrumskaféen brent ned

Centrumskaféen brent ned
Det er alltid trist når et hus blir brent ned. Så også med Centrumskafeen, som det ein gong var.
Mange, kanskje dei fleste på Ulefoss har gode minner herifrå. Men samtidig er det lite positivt at det står et hus i sentrum som meir og meir blir forfallent.

Vi har sett huset i fleire år nå i dårleg forfatning. Huset blei selt, og taket reparert. Så sto det slik med stillas oppe, markiser på halv snei og døra av og til åpen ett års tid. Så blei endeleg stillaset tatt ned. Då ein såg inn her nyleg, var panelen mm. innvendig rivi ned. Huset blei til salgs på nytt.

Forstår godt at ingen såg økonomi i å rehabiltere. Dessverre. Når ingen vil det, så er det dessverre et dårleg alternativ å la huset forfalle endå noken år.

Centrumskaféen brent ned