Tømmerslede på Stallane

I går hadde vi ei triveleg stund ved og i Stallane. Olav Leikvoll og Hans-Kristian Skårdal frå Lunde Sogelag ringte for et par dagar tilbake og lurte på om Holla Historielag ville ha ein tømmerslede for hest som hadde tilhørt Karl Odden, bestefaren til Torbjørn Lindalen. Og dei meinte den kunne ha passa på Stallane. Karl Odden var ein del på Stallane så det passa.

Et fint tilbud var det. I går kom dei så kjøranes med sleden. Dei to hadde også med drill og utstyr og vi hengte sleden opp i tilbygget under tak.

Dette er nok et tegn på det gode samarbeidet mellom Lunde Sogelag og Holla Historielag.

Og vi satt vel tre timar og prata. Det er nok ei stund sida det har vori ledd så mykje i denne tømmerkoia. Hans-Kristian fortalte ellers om åssen det såg ut rundt Stallane før. Interessant. Og kake og kokekaffe frå kjelen var på bordet.

Tømmerslede på Stallane #3Tømmerslede på Stallane #4
Tømmerslede på Stallane #1
Tømmerslede på Stallane #2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *