Ulefoss sentrum i endring

Ulefoss sentrum er i endring. Av Eides hus er det nå bare et høl i jorda. Her kjem det nye, fine leileghetar.
På tomta der foreldra til Arvid Høgvoll budde, har det komi opp nytt hus med nye leileghetar med fin utsikt.

Heggen pensjonat pynta ikkje akkurat opp dei siste åra. Nå blir dette huset pussa opp.

Like borti gata har det gamle biblioteket fått nytt innhald med mange arbeidsplassar. Veldig positivt. Joraand Stavåsen har pussa fint opp. Knut Nedrebø er i gang med det same.

Andre har også fornya husa sine. Det skjer ting på Ringsevja, positive ting. Ta ein ekstra titt på Ringsevja når du er der. Det blir ei fin gate, og gata har ein fin arkitektur.