Norsjø skal finkjemmes

Prosjekt Norsjø 2022Til høsten kan det bli en del interessant som skjer på Norsjø.

Prosjektet «Norsjø 2022» med Thor Olav Sperre som prosjektledar startar då forhåpentlegvis med å scanne Norsjø. Ein skal altså finne ut åssen Norsjø ser ut på bånn, og ein viktig del av prosjektet er å finne historisk materiell, enten det er gamle båtar og båt- eller hestelaster som har gått ned på vatnet eller gjennom isen.

Som vi veit, Norsjø er trafikkert lenge og med mange tunge lass, f.eks. frå ca. år 800 med brynestein. Frå og til Ulefoss har det gått tømmer, jern-, malm- og trekøl-laster i 3-400 år. Bare for å nevne noe. Denne transporten kan vi for lite om.

Dette prosjektet kan klargjere lokalhistorien både for Nome og for dei andre kommunane som ligg rundt Norsjø.
Det blir spennans å sjå kva som dukkar opp sett med historiske augo.

Undertegna er spurt om å vere med, og har sjølsagt sagt ja. Men vi treng assistanse av folk med varierte kunnskaper om dette. Kjem tilbake om det og andre ting etter kvart.

For ytterligere informasjon: