Norsjø skal finkjemmes

Prosjekt Norsjø 2022Til høsten kan det bli en del interessant som skjer på Norsjø.

Prosjektet «Norsjø 2022» med Thor Olav Sperre som prosjektledar startar då forhåpentlegvis med å scanne Norsjø. Ein skal altså finne ut åssen Norsjø ser ut på bånn, og ein viktig del av prosjektet er å finne historisk materiell, enten det er gamle båtar og båt- eller hestelaster som har gått ned på vatnet eller gjennom isen.

Som vi veit, Norsjø er trafikkert lenge og med mange tunge lass, f.eks. frå ca. år 800 med brynestein. Frå og til Ulefoss har det gått tømmer, jern-, malm- og trekøl-laster i 3-400 år. Bare for å nevne noe. Denne transporten kan vi for lite om.

Dette prosjektet kan klargjere lokalhistorien både for Nome og for dei andre kommunane som ligg rundt Norsjø.
Det blir spennans å sjå kva som dukkar opp sett med historiske augo.

Undertegna er spurt om å vere med, og har sjølsagt sagt ja. Men vi treng assistanse av folk med varierte kunnskaper om dette. Kjem tilbake om det og andre ting etter kvart.

For ytterligere informasjon:

3 kommentarer

  • Kai Bendik Marum

    Hei ! i dagene etter at krigen var slutt i 1945 var vi ein del guttunger som rodde over til Valbø brygge ,vi hadde hørt at tyskrane hadde dompa mye krigsutstyr utafor brygga vi fiske opp mye der men etter hvert blei vi nekta å gjøre det ,kanskje det ligg noe der enda ,bare en tanke !

    • Geir Helge Nilsen

      Det ligg der nok framleis, men er dumpa stein over. Veit ikkje av kven, korleis og kva tid. Men det hadde vore draumen heilt sia skuledagane til ein som gjekk eit par klassesteg under meg. Då han endeleg fekk dykkarsertifikatet, så var våpenlasta dekka med stein – så sa han i minste. Dette var på vel i byrjinga av 80-talet. Det er nok ikkje noko å rote med no. Som du sikkert veit, det er også handgranatar der.

  • Knut Helkås Dahl

    Meget interessant prosjekt! Som nabo og bruker av Norsjø gjennom mange år, og opptatt av lokalhistorie har jeg forventninger til prosjektet. Hvis det er noe jeg kan bidra med til vanns eller på land, stiller jeg gjerne opp.

Legg igjen en kommentar til Geir Helge Nilsen Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *