Mini-presentasjon av Holla-Minner 2021

Fen-vulkanen
Foto: Åsmund Tynning | Illustrasjon vulkan: Johannes Fredriksen.
Opphavsrett: Gea Norvegica Geopark
 

Baksida på årets Holla-minner viser Fenvulkanen som den kunne ha sett ut for ca. 580 mill. år tilbake.

  • Nils Johan Stoa har skrivi om «Kommunen som ingen ville ha».
  • Sigmunn Ytterbøe skriv om ridevegen gjennom Helgja og om Olsbrygges rolle i filmen «Heroes of Telemark».
  • Mange vil ha glede av ein lang artikkel av John H. Nilssen om oppveksten på 60 talet.
  • Eirik Hans Edvard Ballestad har mimra om gamle barneleiker.
  • Hans Olav Bærland skriv om tre ovnar frå 1700-talet.
  • Bernt Solvoll har skrivi tre artiklar, «Hermer og risper fra Lanna», om gulsottepidemien på Heisholt og om «Frelsamennsgitaren».
  • Tore Larsen har skrivi om Bauer familien som innvandra frå Tyskland.
  • Karin Kabbe har skrivi om Bygdekvinnelaget.
  • Tormod Halvorsen har skrivi om ei stor fotballbatalje i 1947, om pest, epidemi og pandemi og om «Malmfunn, industristart, mord og opprør».
  • Per Bernt Tufte har tre artiklar: Om næringslivet i 1939, om «gårder, eiere og oppsittere i 1723» og om Deila u/Sannes.
  • Kai Ove Bjerkelund har skrivi utførleg om Storøya i Øvre Stavsjø og bl.a. om kven som budde der og om myrmalmutvinning.
  • Undertegna har intervjua Gullborg Haugen om livet og slekta hennes. Eg har også skrivi ned litt av det som hendte i Holla og litt om Holla Historielag sine aktivitetar i 2021.
  • Og vi har sjølsagt med bilde av avgangselevane frå Holla 10-årige skole.

Her finner du mer informasjon om Holla-Minner 2021.

Det fine med Holla-Minner er også mange bilder og ikkje minst; boka blir ikkje forelda, men kan bli lest på nytt og på nytt.

Kos deg med boka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *