Utstillinga i Huset på muren tar form
Mesteparten av steinprøver, skilt m.m. til Geologiutstillinga er nå flytta til Huset på muren på Øvre Verket. Flyttinga gjer vi fordi utstillinga i Gamlebanken på Krøsset har vori stengt i mange år.
For kanskje 10-12 år sidan var det forslag om å lage ei trapp mellom 1. og 2. etasje i Gamlebanken for slik å kunne halde utstillinga åpen mens turistinformasjonen var åpen. Dette, som då kosta ca. 80.000 kr. blei nedstemt i kommunestyret. Dei folkevalgtes vilje til å satse på vår nesten eineståande geologi kunne dessverre vori betre. Dette er bakgrunnen for at Holla Historielag nå flyttar geologiutstillinga for så å åpne den igjen på Øvre Verket.
Nå framover skal, etter hva vi forstår, sikring og planer for Gruveåsen opp til behandling i formannskap og kommunestyre. Vi har grunn til å håpe at det nå blir større satsing på dette.
Ein trestige som har stått nede i ein gruvegang i Gruveåsen er nå kommi på plass i uthuset ved Huset på muren. I uthuset er det nå rydda plass for bl.a. ein del av geologihistorien som ikkje har vori vist før.