Geologi i Huset på muren

Nå på lørdag 28. mai åpnar Geologi-utstillinga i Huset på muren på Øvre Verket. Vi tar også i bruk halve uthuset.

Ein stege som har stått inne i gruvene i Gruveåsen er på plass. På plass er også bormaskin m.m., som blei bruka i Norsk Bergverk Søve Gruver. Ikkje minst er ein nyoppussa 1955-modell Commer lastebil som tilhørte Søve Gruver parkert her. Den blir nå eigd av Nome Motorhistorisk Forening.

Utstillinga åpnar i regi av Holla Historielag. Dugnadsgjengen der har stått for alt arbeid med oppussing, flytting frå Gamlebanken og etablering på Øvre Verket. Utstillinga i Gamlebanken har vori stengt i mange år.

Åpninga er ved Ivar Fæhn Nilsen kl. 14. Men kom gjerne før. Dette er åpningsdagen for sesongen på Øvre Verket: kl 11-12 er veteranbilar, MC-er og mopedar på plass. Sjå også utstillinga «Gammelt porselen på gammelt broderi» i Håndarbeidsstua. Kl. 12.30 åpnar ny utstilling bl.a. med Viggo SolvangJan Olav Forberg.

Og det blir nybaka brød frå steinovnen.

Velkommen. Gratis adgang.

Foto: Gunnar Sanden