Vi treng fleire skulpturar i Nome

Skulptur av Ferdinand WyllerErling Susaas og eg var ein tur opp og såg på skulpturane til Ferdinand Wyller. Interessant. Mange vakre skulpturar og kunstverk var rundt omkring i låven. Skulpturar som hadde passa ute i det fri i Nome, f.eks. ved Vrangfoss, som det er tankar om. Og for ein kommune med mykje aktivitet rundt jern, så hadde skulpturen av smeden, sjå bildet, passa godt mange plassar.

Vi har få skulpturar i det åpne rom i Nome. Kanskje bare kumlokkskulpturen i rundkjøringa på Ulefoss og trilleborskulpturen på Øvre Verket innved fylkesvegen. Skulpturane ved Sjukeheimen, ved Holla 10 årige skole og i Sluseparken er litt meir «skjult» i forhold til der folk flest bevegar seg.

Til våren regnar eg med at to slipesteinar frå Aalls tresliperi vil finne plass på Krøsset. Men vi treng fleire skulpturar i Nome. Wyller har noken fine!