Langeleiken

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord

«Langeleiken – heile Noregs instrument» er den første grundige gjennomgangen av dette tradisjonsrike instrumentets historie, utvikling og utbredelse i Norge.

Langeleiken har lange tradisjoner i Norge. Den eldste langeleiken som er funnet her til lands er fra 1542. Dette instrumentet var i perioder populært i store deler av landet. I dag er det spesielt i Valdres, men også i Hallingdal, Telemark og Vest-Oppland tradisjonen føres videre.

Forfatterne tar først og fremst for seg langeleiken som instrument. Men for å fylle ut bildet av miljøet og tradisjonen inkluderes også omtale av dem som lagde og spilte langeleik.

Holla har en stolt langeleiktradisjon. Den er omtalt i bokas kapittel 4 («Dei historiske kjeldene») og kapittel 8 («Speltradisjonar»). Blant annet nevnes Jens Brennebu (1829–1904), Lina Holte (1893–1970), Arthur Vibeto (1906–1971) og Anne Milly Teksle (1942–).

 
InnholdSidetall
Forord7
Kap. 1 Kvifor ei bok om langeleiken?11
Kap. 2 Kva er ein langeleik?17
Kap. 3 «– et meget aristokratisk instrument med høie aner». Om studiet av langeleiken.25
Kap. 4 «Da vanked' i Ranen baad Lang-Spil og Sang». Dei historiske kjeldene.45
Kap. 5 Dei eldre langeleikane. Mål og form, konstruksjon, dekor og typologi.125
Kap. 6 Serieproduksjon og historiske kopiar. Om nyare langeleikar.275
Kap. 7 «Med vene linor og kròta rond». Langeleiken som folkekunst.317
Kap. 8 «Frem mundtre Spillemænd med Langspil». Speltradisjonar.335
Kap. 9 Frå hekseprosess til kongepokal. Langeleikens plass i samfunnet.355
Kap. 10 «Danse mi dokke, springe min hest». Dansedokker til langeleikspel.393
Kap. 11 Levande langeleik. Instrumentet i dagens folkemusikk.411
Kap. 12 Hummel, epinette og dulcimer. Langeleikens slektningar.447
Kap. 13 Timeglas og pæreform. Ei typologisk tilnærming til form.471
Kap. 14 English summary483
Litteratur501
Appendiks – Registrerte langeleikar510
Forord

Sjølv om langeleiken har vore ein naturleg del av norsk musikk gjennom meir enn fem hundre år, er det relativt få som kjenner og spelar musikken i dag, og endå færre som byggjer og forvaltar den handverksmessige kulturarven. Dei som er så heldige å få vere ein del av fellesskapet rundt langeleiken, er opne og sterkt motiverte for å dele både opplevingar og kunnskap. Men få kjenner breidda og mangfaldet i utforminga av instrumentet og rikdommen i tradisjonane knytte til langeleiken. Det er her vi vil bidra ved å dele røynsler og kunnskapar om tradisjonane og dokumentere variasjon og samanheng i tid og kulturgeografi.

Vi ønskjer å nå lesarar med interesse for folkemusikk og musikkinstrument, museumsfolk, musikarar, studentar og dei som er nysgjerrige på musikk i eigen og andre kulturar og sjangrar. Vi trur dei med interesse for folkekultur, ikkje-materiell kulturarv og bygdehandverk vil få ny kunnskap og finne noko av interesse.

Boka handlar ikkje først og fremst om musikken som blir spelt på langeleik. Vi har heller ikkje ambisjonar om å gi eit fullverdig oversyn over utøvarane gjennom tidene. Boka tek for seg instrumentet langeleik og den kunnskapen vi har fått gjennom å sjå på kvart enkelt instrument. Omtale av dei som har laga og brukt instrumentet, blir likevel viktig å ha med, fordi det gir eit meir fullstendig bilete av miljøet og tradisjonen.

Kjeldemateriale og instrument er ulikt fordelte geografisk. I Finnmark,Troms, Rogaland, Østfold og Akershus har vi ikkje funne eldre langeleikar. Når det gjeld dei skriftlege og munnlege kjeldene, er dei såpass sjeldsynte av vi i hovudsak har teke med det meste vi har korne over.

Her blir Valdres eit unnatak, for sjølv om dei skriftlege kjeldene ikkje er talrike, er den munnlege tradisjonen ei nesten utømmeleg kjelde til kunnskap. Sidan nær det halve av langeleikane vi har sett på, kjem frå Valdres-bygdene, seier det seg sjølv at omtalen av instrumenta og tradisjonane derifrå tek plass.

Vi har begge sidan barndommen interessert oss for musikkinstrumenta og deira historie, men vi vart kjende med langeleiken på ulik vis.

I 1937 var Bjørns far Harald Aksdal i lag med to kameratar på sykkeltur frå Trondheim til Lillehammer. Som dei kulturinteresserte menneska dei var, ville dei besøke Maihaugen. Der gjekk dei rundt og studerte dei gamle husa då dei høyrde musikk frå ei av stovene. Dei vart nysgjerrige og gjekk inn. Der sat det ein kar og spelte langeleik. Det var Ola Brenno frå Valdres. Dei vart sitjande lenge og høyre på spelet hans, og han fortalde om seg sjølv og langeleiktradisjonen i Valdres. Kanskje er det her vi finn røtene til Bjørns store interesse for langeleiken?

Elisabeth vart kjend med langeleiken i 1959 då storesystera Sissel opplevde langeleikspel på ei tilskiping i Aurdal. Farsyster Borga Kværne gav Sissel ein langeleik, og ho lærte å spele av Ragnhild Midthus. Ti år seinare fekk Elisabeth sommarjobb på Valdres Folkemuseum og fekk kontakt med andre folkemusikarar og langeleikspelarar. I åra sOm følgde, fekk ho lære av fleire av dei eldre kjeldene, ta instrumentet med i utdanninga og ikkje minst oppleve at langeleikspelarane er nære og gode vener som alltid stiller opp for einannan.

I utgangspunktet har vi skrive kvar våre kapittel, men vi står saman om innhaldet.

Som forfattarar har vi ulik tilnærming til materialet. Bjørn Aksdal er utdanna ved Universitetet i Trondheim med musikk hovudfag. Han var i meir enn tretti år musikkfagleg ansvarleg ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og der leia han blant anna «Hardingfeleprosjektet» på 1990-talet. I ti år var han tilsett som høgskuledosent II i folkemusikk ved Høgskolen i Telemark. I dag arbeider han ved Noregs musikkhøgskole og som uavhengig musikkforskar og forfattar.

Elisabeth Kværne er langeleikspelar med studium i musikkvitskap, folkeminnevitskap og folkelivsgransking frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som gardbrukar, langeleikspelar og som lærar i kulturskulen i Nord-Aurdal. Sidan 2003 har ho vore tilsett som folkemusikkarkivar ved Valdresmusea.

Vi har tidlegare samarbeidd om utstillinga «Leve langeleiken» på Ringve Musikkmuseum i 1987, utgreiinga om stada for instrumentmakarhandverket i 2009, og utstillinga «Langeleiken - heile Noregs instrument» på Valdres Folkemuseum i 2014.

Ei rekke enkeltpersonar og institusjonar har hjelpt oss i arbeidet med boka, praktisk og økonomisk, og fortener ein varm takk.

Konservator Mats Krouthen ved Ringve Musikkmuseum og professor Per Åsmund Omholt ved Universitetet i Søraust-Noreg har lese manuskriptet og korne med gode faglege merknader og innspel.

Takk til dei som har bidrege i faglege diskusjonar og samtalar. Bård Riise Hoel, Knut Opheimsbakken og Mari Ormberg ved instrumentverkstaden på Valdresmusea har vore med på prosessane og delt dei faglege erfaringane sine med oss. Vidare takk til Frank Rolland, Knut Aastad Bråten og folkemusikkarkivarane Stein Villa ved Mjøsmusea og Kari Lønnestad ved Folkemusikkarkivet i Telemark for hjelp med både tekst og foto. Ein særleg takk til Oddrun Hegge, som har delt dei store kunnskapane sine om langeleikmaking, trehandverk og lokalhistorie med oss og støtta arbeidet på mange vis.

Takk til Mats Krouthen, Torill Thømt, Reidar Ottesen, Tom Willy Rustad, Agnete Sivertsen og Loretta Kelly, som har registrert for oss eller saman med oss. Takk til Metropolitan Museum i New York og Lom bygdamuseum for hjelp til registrering av instrument i samlingane deira.

Ein varm takk til den danske musikkforskaren Lisbeth Ahlgren-Jensen som i samband med studiar av Hortense Panum har reinskrive korrespondansen mellom Panum og skulemeister P. Sandvik frå 1916 og framover. Dette har vore ei viktig kjelde til ny kunnskap.

Takk til Sverre Jensen for at vi har fått bruke hans mange teikningar, og til Håkon Asheim for tradisjonskart og teikningar.

Ein varm takk till Sveinung Søyland Moen og Ringve Musikkmuseum for fotografering av instrument!

Takk til Olav Norheim og Jon Kværne og for gode innspel og hjelp til korrektur, til Per Kværne for omsetjing til engelsk og til Aud Søyland for omsetjing til nynorsk og språkvask.

Takk til NOVUS forlag for samarbeidet!

Takk til alle museum, samlingar og privatpersonar som har stilt instrument til disposisjon.

Takk til arbeidsgivar Valdresmusea og kollega~r som har bidrege i arbeidet med foto og fotografering. Ein særleg takk til langeleikspelar og direktør Ole Aastad Bråten, som fekk gjennomført utstillinga «Langeleiken, heile Noregs instrument» i 2014, og som har teke del i bokprosjektet på ulike vis.

Takk til Sparebankstiftelsen DNB, Lindemans Legat, Bergesenstiftelsen, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Norsk faglitterært fond, Instituttet for sammenlignende kulturforskning, Norsk kulturråd, Statens kunstnarstipend og Valdresmusea for økonomisk støtte til prosjektet.

Takk til familiane våre for støtte i motgang og medgang, særleg til Maren Elise Aksdal, som måtte finne ut av farens data då Bjørn brått vart sett ut av spel i april 2021.

Takk til alle dei kjende og ukjende langeleikspelarane og langeleikmakarane som har halde byggje- og speltradisjonen på langeleik ved like gjennom skiftande kår i hundrevis av år, slik at vi framleis kan gle oss over livskrafta og kvalitetane i handverket og langeleikspelet!


Trondheim/ Aurdal, september 2021
Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne