Lex Vita

 

BokinfoOm forfatterenInnholdsfortegnelseForord
Haugland har fått gode kritikkar for sine diktsamlingar. 9 er gitt ut før. Dikta i denne boka er valgt ut i samarbeid med Haugland. Ein del av dikta handlar om det å bli gamal og å «Gå ut av tida», med andre ord om «Lex vita» eller «Lova om livet».

Mange dikt tar for seg natur og filosofiske tankar rundt dette.Og boka inneheld politiske spark både nasjonalt og internasjonalt. Haugland har sine egne vinklingar på så mangt.
 
Alf Haugland
Alf Haugland er født på Tyri ved Lunde i Telemark 1.1.1924. Alf voks opp på leilendingsbruket Haugland. Foreldrene Olav og Marie Haugland var leilendingar under godseier Cappelen. Desse røtene pregar mange av dikta, og Haugland hentar mykje av inspirasjonen frå heimbygda. I sitt vaksne liv har Haugland mest arbeidd for NSB. Frå 1962 var han Stasjonsmester i Rollag, og frå 1969 på Veggli ved Numedalsbanen, som blei nedlagt same dagen Alf slutta som 65 åring. Som pensjonist har han og kona Gerd, flytta tilbake til Lunde.

Alf Haugland begynte å skrive dikt alt som guttunge og hadde sitt fyrste dikt i Ulefoss Avis som 14 åring i 1938. Etter krigen mens han jobba ved jernbanen i Kragerø, skreiv han fast «ukerevy» på rim i lokalavisa Vestmar. Skrivinga blei ein livsstil. Diktinga er prega av ei stor interesse for dei nære ting og for dyr og fuglar som ikkje blir så verdsett, slik som f.eks. gråtrosten. Eller ospa som heller ikkje er mest verdsett, men «så vakker ho er om hausten».

Ikkje minst ser Alf Haugland urettferdigheten i verda både før og nå. Han har mest sans for den «lille mann» – derfor lika han Folkevogn-bobler ford i «det sjeldan sat storfolk i dei».

Uansett alvor eller ikkje – humoren og litt overraskande poeng ligg på lur. Alf Haugland har laga sin egen stil på dikta sine.

Dikta i denne samlinga er skrivi dels på nynorsk, dels på dialekt.

Alf Haugland har vori ein flittig gjest i NRK. Han har skrivi mykje for Otto Nielsen i «Søndagsposten» og for Knut Borge. Han har og vori mykje bruka i NRK's Telemarksendinga - seinast ved Stortingsvalget i 2005. Han har også hatt mange dikt i «Dagbladet» og i lokalaviser i Telemark og Buskerud.

Han er med i diktsamlinga «Motgift» med dikt og tekstar frå 34 norske forfattarar gitt ut i 1989 av J.W Cappelen. Han er representert i ei limerick-samling ved Andre Bjerke. Han er representert i ei lærebok for ungdomskulen. Skreiv også for Norsk Barneblad og for vittighetsbladet «Tyrihans».

Han har fått kulturprisen både frå Rollag Kommune og frå Nome Kommune. Han har også fått målprisen frå Buskerud Mållag.
InnholdSidetall
Forord7
Tonar frå barndomen9
Vaseblomar10
Ho tar det så fint så11
Jubileumsmiddag12
Strebarar13
Moterett14
Vårdikt15
Tankekorn16
Brøyt x-2 på Tyrihaugen17
Når ein er18
Heimstadlære19
Under vassyta20
Andakt21
Snart22
Interiør23
Metallspon24
stormagasin25
Tankar over ei fiskestong26
Dei bygger landet27
Eit testamente28
Nytt frå forhandlingsbordet29
Siste vinterferiedag30
Rein mold31
Hønsegard32
Natur33
Lex vita34
Kameleon II35
Dimensjonar36
Krukka i Sarepta37
Crux Capitata38
Perspektiv39
Hypotese40
Voggesang41
Paralell42
Brukskunst43
Våpenkvile44
Hypotese46
Perestroika47
Ufarleg48
Godt49
Trusbekjenning50
Gåver51
Raud skjorte52
Kvilestein53
I ellevte time54
Paralell55
Oktobersøndag56
Pen ungdom57
Utsyn frå låvegårdsletta58
Luftetur i lille-grensen59
Til mor60
Stjernene og du61
Bukett til bestefar62
Ei utstrekt hand63
Botasofi64
Tanker ved ei grisebinge65
Mor66
Lyd er liv67
Rygg mot rygg68
Far69
Essens70
Christine og eg71
Seleksjon72
Utanfor stien73
Postludium74
Gerd Elise75
Spel og kjærleik76
Tilskodar77
Fred78
Nøysemd79
System80
Laurdagsrevers81
Jubileumstog82
Finansiering83
«Oppdagelsesreise»84
Det klasselause samfunn86
Tvaretre87
Fest-tale88
«Europainformasjon»89
Forord
Alf Haugland blei født 1 .1 .1924 og døde vel 88 år gamal, 12.7.2012. Alf voks opp på leilendingsbruket Haugland sammen med 5 sysken. I vaksen alder har han arbeidd ved jernbanen og var bl.a. stasjonsmester ved Numedalsbanen i Rollag og på Veggli. Alf blei pensjonist same dagen som Numedalsbanen blei nedlagt, og flytta då tilbake til Lunde.

Det er gitt ut 9 diktsamlingar av Alf før, samt ei limericksamling. Han har vori flittig gjest i NRK og har hatt mange dikt i både nasjonale og lokale aviser. Hans dikt og limericks er gjengitt i antologiar og i lærebøkar i skulen. Alf Haugland har fått kulturprisen frå Rollag kommune og frå Nome kommune og målpris frå Buskerud Mållag. Alf har henta inspirasjon bl.a. frå både oppvekst, arbeidsliv og pensjonisttilvære.

Denne diktsamlinga består av dikt som ikkje er gitt ut i bokform før, men mange har vori trykt i aviser og tidsskrifter. Basert på ca. 300 dikt er dei dikta som er trykt i denne boka valgt ut. Utvalget er gjort i nært samarbeid med diktaren.

Sigmund Bærland kom nyleg med diktet «Oppdagelsesreise», som Alf hadde skrivi for framføring i Landsmarka Jeger og Fiske-forening. Diktet er tatt inn i samlinga som eit dikt som skiller seg ut både i form og innhald.

Alf har også i denne samlinga hamra mange originale og filosofiske tankar ned på skrivemaskina si, som f.eks.: Om leilendingssøner som ikkje var vant med å «mure maten på utsida av gaffelen», om strebarar som helsar med eit «hei», om ein kan heimstadlæra si, om folk som ikkje bryr seg om matjorda, om åssen Jesus hadde blitt motteken i dag, om Perestroika, om ein snigle, om den store innsamling-sundagen og alle dei andre 364 dagane, om ein raud-farge som ikkje falmar, om det å vere bestefar, om store råtne poteter, om det å vere redd i tore-ver, om ein far på baktofta, om fugl med ein skavank, om Gerd Elise, om avvikaren, om fjøset heime, om Grand Prix, om å lagetvaretre, om krig og fred. Og ikkje minst, om Alf sin store hobby; fisking.

Alf har vori opptatt av mange fasettar i livet, og om å gå ut av livet. Mange dikt handlar om dette temaet. Diktet «Lex Vita« eller «Lova om livet» har gitt tittelen til boka. Alf sa at han ikkje var redd for å dø, men han skulle så gjerne ha fulgt med i samfunnsutviklinga framover. Ein ting kan ein vere sikker på, Alf hadde lika svært godt at 30 km av Numedalsbanen nå er tatt i bruk att.

Alf var ein skarp iakttakar av samfunnet og naturen. Skarpheten hadde han til det siste. Han fekk oppleve at det blei sett opp 14 dikttavler med hans dikt i Nome i regi av «Vers ved vannvegen». Dei står plassert slik: Strengen, Hogga sluse, Kjeldal sluse, Lunde sluse, Biblioteket i Lunde, Nome Sjukeheim, Vrangfoss sluse, Eidsfoss sluse, Ulefoss sluse, Øvre Værket, Ulefoss Gjestebrygge, Telemarksbiblioteket, Ulefoss og på Torget på Ulefoss. Han var også stolt over Facebook-gruppa som bar hans navn, og over at så mange var medlemmer der.

Dikta i samlinga er skrivi dels på nynorsk, dels på dialekt. Dikta til Alf blir ikkje umoderne og kan brukast mange gonger. Tenk gjerne på dikta også i det praktiske dagleglivet, f.eks. i tore-ver.