Ættesogor frå Telemark

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
Innhald5
Fyreord7
Telemark9
Asgeir Heggtveit33
Sterke-Såve53
Alv To62
Mannslagar-soga70
- I. Tradisjon og opskrifter70
- II. Soga70
- III. Sanning og dikt74
- IV. Komposisjonen86
Soga um Johan Pålsson Skeie og Egdesoga87
- I. Tradisjon og opskrifter87
- IIa. Sogn um J ohan Pålsson Skeie91
- IIIa. Sanning og dikt98
--- Povel Pedersen Paus98
--- Johan Pålsson Skeie100
--- Harald Johansson Våle112
--- Johan Haraldsson Funer124
--- Kristian Johansson Øydgarden131
- IVa. Komposisjonen132
--- Egde-Ungerne135
- IIb. Egdesoga135
--- Pål (Povel) Larsson136
--- Ditlev Larsson140
--- Kristian Larsson143
--- Søren Larsson146
--- Lars Larsson149
--- Hans Larsson151
- IIIb. Sanning og dikt152
--- Laurits Gabrielsen Lind152
--- Mor Sissel156
--- Pål Larsson173
--- Ditlev Larsson187
--- Hans Larsson217
--- Kristian Larsson219
--- Lars Larsson239
--- Søren Larsson245
--- Ambra Larsdotter258
IVb. Komposisjonen270
Nisi-ætta274
Olav Hovdejord283
Attersyn og resultat335
Register342
Fyreord

Desse «Ættesogor frå Telemark» er ei gransking av den munnlege tradisjonen i likskap med Knut Liestøls «Norske Ættesogor».

«Det hev på dette umrådet skorta altfor mykje på einskild-etterrøkjingar som gjekk i den minste detalj», segjer Liestøl i innleidinga på s.11. Og det vil visst alle vera samde med han i.

Men når det på s.14 heiter at «tradisjon som er yngre enn 17de hdr. hev levt so stutt tid på folketunga at han fær mindre metodisk verd, når ein vil granske ættetradisjonen i si fulle breidd», då kann eg ikkje godt vera einig.

Det kann på ein måte vera rett nok når det gjeld spursmålet um kor lenge munnleg tradisjon i aller beste tilfelle kann halde seg påliteleg, og når ein vil jamføre det pålitelege frå yngre tradisjon (ᴐ: som har levd stuttare tid) med annan eldre tradisjon. Ein kann t. d. ikkje med 200 år gamal påliteleg munnleg norsk tradisjon prove at ogso 300 år gamal munnleg norsk eller islandsk tradisjon må vera det same. For det kunde tenkjas at det 3. hundraåret var «over evne» for den munnlege tradisjonen, jamvel um ein ser burt ifrå andre faktorar som kunde ha spela inn, og bare held seg til tida matematisk.

Men dersom ein stiller det same spursmålet på ein annan måte og spør, ikkje etter kor lang tid munnleg tradisjon kann halde seg påliteleg, men kor stutt tid han kann laga seg um på og bli upåliteleg, so lyt ein vel segja at 200 år gamal tradisjon i det høve må ha like stort metodisk verd som t. d. 300 år gamal tradisjon, so sant tradisjonen på den tid har laga seg um, ja i røynda fær tradisjonen i det høve større metodisk verd di stuttare i tid han har kome både frå sjølve hendingane og frå den tid forvanskingane i overleveringa har gjenge for seg.

Og ein slik spyrjemåte som den siste trur eg er like so naudsynt for sogegranskarane som den før nemnde.

Dette har eg funne det turvande å segja ifrå um med det same før me tek til med desse sogone, der det nok er høve til å påvise nøgda både av ung og upåliteleg tradisjon.

Når spursmålet er um kor mykje ein skal ta med i eit slikt arbeid, so lyt ein hugse på at når ein vil granske den munnlege tradisjonen, so er det ikkje nok bare å sjå på kor påliteleg det er om tradisjon en har fest seg ved og halde fast på, men ein lyt og røkje etter kor mykje han har hugsa, kva han har hugsa og kva han har gløymt, eller ikkje teke med.

Eg vonar og at boka på den måten skal gje eit betre bilete av livet i bygdene, og vinne noko i genealogisk verd og.

I spursmålet um attforteljing eller sitat har eg i stor mun valt å sitere. Det gjer provføringa meir til å ta på for andre og, og gjev dei høve til å samanlikne sjølve. Og i røynda fortel mange av aktstykka ofte betre um hendingane enn den mest objektive - eller subjektive - attforteljing.

Optaket til dette arbeidet var ei hovudopgåve eg gjorde ferdig våren 1925 um Landstads «Egde-Ungernes Saga». Av universitetet fekk eg stipend til å arbeide vidare med norske ættesoger. For det takkar eg mykje.

Fyrste-arbeidet er her skrive um noko og utvida, og sogone er sette i historisk samanheng. Skipinga er elles både historisk og geografisk.

8. desember 1926