Bygdebok for Sauherad: gards- og ættesoge: band 1

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
Føreord og historikk5
Tidsrom11
Mynt, mål, vekt m.m.11
Forkortingar15
Gards- og ættesoge for Sauherad18
Slektsnamn avleidde av gardsnamn42
Skrivemåten av gardsnamn46
Personnamn i Sauherad53
Gardar, plassar og bruk i Sauherad58
Kroken (Sauarkroken)71
FRÅ OTTERSNES TIL ÅNÅS85
Ottersnes, gnr. 194
Liagrenda, part av gnr. 2108
Vålånes, part av gnr. 2.137
Haukvik, gnr. 2148
Bråkånsrud, part av gnr. 2188
Landsverk, gnr. 3193
Ryntveit, gnr. 4206
Holta, part av gnr. 4235
Anås, gnr. 5258
FRÅ GVÅLA TIL DALSKROKEN279
Øvre og Nedre Gvåla, gnr. 6 og 7290
Moen, gnr. 8347
Åse, gnr. 9367
Dale, gnr. 10411
OMRÅDET VED NORDAGUTU443
Smedsvålen, gnr. 11457
Nedre og Øvre Låvell, gnr. 12 og 13475
Rogholt, gnr. 14518
Flathus, gnr. 15530
Svålåstugo, gnr. 16558
Bustadfelt ved Nordagutu, partar av gnr. 15 16 og 17610
Vihus skog, gnr. 64 og partar av fleire gnr.622
NÆRARE OVERSYN OVER INNHALDET634
Føreord

Ved årsskiftet 197 4/7 5 tok eg på meg å skrive ei kombinert ætte- og gardssoge for Sauherad. Det skulle gjerast ved å nytta m.a. Jon Hvitsands manuskript om kjeldetilfang for ættesoga. Det gardshistoriske stoffet skulle eg skaffe frå arkiva for nyare tid i tillegg innhente opplysningar ved hjelp av spørjeskjema.

Kyrkjebøkene skulle eg ikkje nytte direkte da ein gjekk ut frå at Hvitsand her hadde gjort alt arbeid som var naudsynt. Etter kvart synte det eg at ein del data mangla og ved nærare gransking kom det fram at Hvitsand i ættesoga si hadde nytta ei avskrift «som ein kandidat Wessel i åra før 1920 hadde skrive av frå dei to eldste kyrkjebøkene. Denne har mange mistydingar og feil. Og da dei andre kyrkjebøkene heller ikkje var systematisk utnytta var det ingen annan utveg ennå gjera alt kyrkjebokarbeidet om att.

Jon Hvitsand la ned eit stort arbeid med ættesoga for Sauherad. Særleg mykje arbeidde han med mellomalderætter og dette stoffet har eg nytta direkte i ættesoga for tida frå 1300-talet til midten av 1600-talet. Stoffet er sett inn på dei einskilde gardane der det hører heime (sjå t.d. Haukvik) utan nemnande endring.

Frå Hvitsand er òg nytta tradisjonsstoff ein god del av dette frå samlinga etter Thorstein Gunheim. Utanom det tilfang Jon Hvitsand elles måtte ha nytta frå Th. Gunheims samlingar er det det viktige tradisjonsstoffet frå dei ymse område som ein vil finne i den ferdige bygdeboka. Utan det store arbeidet Thorstein Gunheim her la ned ville dette ha vore tapt for alltid.

Forutan stoffet frå kyrkjebøkene har eg henta tilfang til ættesoga frå tingbøker skifteprotokollar pantebøker folketeljingar og frå dette hundreåret ved spørjeskjema og samtalar. Alt stoffet frå kyrkjebøkene er ennå ikkje ferdigordna. Derfor er det ein del spørjeteikn og ca. ved fødsels- og dødsår. Dette vil ein prøve å supplere med evt. tilleggsopplysningar i seinare band.

Til gardssoga har eg henta stoff direkte frå kjeldene i Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo og frå sorenskrivarkontoret på Gvarv. I tillegg er nytta stoff samla inn i bygda og tradisjonsstoff etter Jon Hvitsand og Thorstein Gunheim.

Gardane er ordna etter gardsnummer i samsvar med «Norge Matrikel» (prenta 1886, ny utgåve 1903). Bare i eitt tilfelle er rekkjefølgja endra. Vihus, gardsnr. 64 kjem etter Nordagutu, gardsnr. 17, da Vihus ligg i skogen sudaust for Nordagutu. Plassane kjem i eigne avsnitt etter dei gardane dei låg til. Omkring 1650 var det bare nokre få plassar i bygda (om lag 20), og ennå i 1711 var bare 68 plassar i bruk. Flest plassar var det ved midten av 1800-åra. I 1865 var talet 377 (og dessutan 115 sjøleigarplassar). Ættene til dei aller fleste husmennene kan førast tilbake til gardane.

Når fødselsåret er rekna ut etter seinare aldersoppgåver, er ca. sett framfor årstalet. Før 1815 er vanlegvis bare dåpsåret nytta i kyrkjebøkene. Etter lova skulle barna døpast kort etter fødselen og heldt presten seg til det er fødsels- og dåpsår oftast identiske. Døpenamn (personnamn) er normaliserte. I kjeldene kan eitt og same namn ha mange ulike skriftformer (t.d. Syver, Sifvert, Syffert, Sigur, Siver o.likn. for Sigurd).

Når vaksne barn som gifte budde hos foreldra sine ei tid, er dei barna som blei fødde da tekne med i ein parentes. Parentes er òg nytta når nokon hadde ein eller annan tilknyting til to gardar t.d. Kari Hansd. frå Vegheim (Sunde).

Ættesoga er bygd inn i gards- og husmannssoga. Dei som vil følgje ætta si bakover må sjø1ve finne fram til dette stoffet ved å nytte tilvisingane i boka. Til det trengst for mange alle banda av gards- og ættesoga for Sauherad. På fleire gardar og plassar i dette bandet kan same ætt følgjast bakover i fleire hundre år.

Bildestoffet er samla inn av meg ved avfotografering av gamle bilde, og fotografering elles.

Trass i manglar er det mi von at boka vil bli til glede og nytte for bygdefolket. Eg vil på det beste takke alle eg har møtt og som har gjeve opplysningar til boka. Stor takk skuldar eg òg lensmann Halvor Bunkholt. Han fekk bygdebokarbeidet i gang att. Han førde meg inn i bygda og fekk meg overtala til å ta til med arbeidet - enda eg hadde oppgåver nok heime i Romerike. Eg er glad for det for å ha fått læra eit nytt bygdemiljø å kjenne på mange måtar likt, men på mange ulikt det eg er van med.

Eg vil likeins takke alle i Bygdebokutvalet for uvanleg god hjelp og godt samarbeid. Vidare rettar eg takk til kommunestyret for velvilje. Men sist, og ikkje minst, takkar eg alle i bygda som har synt me gjesteve venskap og svara på spørsmål.

Oktober 1980
Birger Kirkeby


Historikk

Arbeidet med bygdesoga for Sauherad tok til med at einskildpersonar samla og skreiv ned tradisjonar, særmerkte hendingar, ættetavler dagbøker osb. Dei samla og inn og tok vare på gamle dokument som gjev verdfulle opplysningar om tilhøva heilt tilbake til mellomalderen. Simon Olaus Wolff (prest i Sauherad 1840-59) har i «Udkast i en Saude Beskrivelse» og ved innsamling av skinnbrev og andre dokument teke vare på kjeldestoff som elles ville gått tapt. Likeins har Niels Olsen Tvedten i sine «Erindringer» og Chr. Gunhejm i «Gamalt frå Telemork» teke vare på tradisjonar som har komme bygdebokarbeidet tilgode. Mange andre har ved skrifter artiklar og notat gjeve verdfullt tilfang til bygdesoga.

Thorstein Gunheim er såvidt ein veit den fyrste som meir planmessig tok opp arbeidet med ei bygdebok for Sauherad. Etter mange års arbeid døde han brått i 1925 og kommunen kjøpte samlinga etter han i 1937. Med bakgrunn i «Semja» mellom partane den gongen kan det her passe å nemne at Olav Stranna i ei omtale i 1935 seier at arbeidet var lagt opp omlag lik om tilfellet var med andre gode bygdebøker på den tid. Eit utdrag av innhaldet ved same høve omfattar kjeldetilfang frå eldre tid delar av gards- og ættesoge frå eldste tider, omtale av geografiske og geologiske tilhøve, vassdrag m. v. Det er òg skrive om kommunikasjonar og næringsvegar, om byggverk og byggemåtar. Oldtidsminne, skule og opplysning har fått brei plass. Kyrkjene er omtala, verknaden kyrkja har hatt og i samband med dette omtale av prestane.

Eit omfangsrikt avskrivingsarbeid er H. H. Holta: «Bidrag til gårds- og slektshistorie for Sauherad og Nesherad før 1700.» Restopplaget av dette fekk kommunen som gåve frå Holta, og det blei selt til inntekt for bygdebokarbeidet.

Etter fyrste verdskrigen tok kommunen opp arbeidet. Den fyrste bygdeboknemnda blei sett ned i 1918. Fleire nemnder har vore i arbeid til i dag.

Etter Th. Gunheim tok Jon Hvitsand opp arbeidet. Han samla inn tradisjonsstoff og gjorde avskrivningsarbeid i arkiva før og under andre verdskrigen.

I 1950-åra sette bygdeboknemnda i gang eit planmessig innsamlingsarbeid over heile bygda ved hjelp av spørjeskjema.

Frå 1. januar 1959 blei Jon Hvitsand tilsett som forfattar av ætte- og gardssaga. Manuskriptet hans til ei ættesoge blei avslutta sommaren 1968. I 1975 gjekk Birger Kirkeby i gang med å skrive ei kombinert gards- og ættesoge. Når 1. band nå ligg føre, vil bygdebokutvalet gjerne takke alle som har hjelpt til under arbeidet. Ein vonar at boka vil interessere bygdefolket og andre med tilknytning til bygda og gje alle rikare kjennskap til liv og verksemd her i gammal og ny tid.

Om det er kommunen som har bore utgiftene, vil vi gjerne takke andre som har støtta arbeidet økonomisk. Vi må nemne alle dei bygdefolk som i 1958/59 ved tinging av boka betala inn vel 48 000 kroner og på den måten var med på å få arbeidet i gang. Vidare har Saude og Nes Sparebank ved fleire høve støtta arbeidet ved tilskat og lån, og kommunen har motteke som gåve kr. 20 000 frå Halvor T. Volltveit.

Sauherad, oktober 1980
Bygdebokutvalet