Bygdebok for Sauherad: gards- og ættesoge: band 5

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
Evju, gnr. 889
Setre, part av gnr. 8862
Tettstaden Hørte, partar av gnr. 86-8872
Leikvang, gnr. 8990
Roheim, (gnr. 90)129
STRANDA132
Håtveit, gnr. 91145
Hetterud, gnr. 92218
Nordadal, gnr. 94247
Årnes, gnr. 95 og 96304
Gjernes, gnr. 97352
Årås, gnr. 98387
Folgedalen, gnr. 99422
Holte, gnr. 100433
Gurstad, gnr. 101469
RETTINGAR OG NYE OPPLYSNINGAR486
REGISTER502
Føreord

Sauherad er ei stor bygd, med i alt 102 gardnummer. I grannebygdene 80 og Heddal er det til samanlikning 65 og 83 gardnummer. Særleg omfattande er bygda når det gjeld kjeldetilfang. Inga anna bygd i Telemark har så mykje stoff å hente frå kyrkjebøkene. For Sauherad tek dei til alt i 1649, og dei er nesten samanhengande fram til vår tid. Det finst ikkje ein lik serie i meir enn eit par andre bygder i heile landet. Dette er eit faktum om det ikkje blei teke særleg omsyn til da planen for bygdebokarbeidet blei lagd for lenge sidan. Resultatet er at den fastsette ramma på tri band fyrst blei utvida til fire band og så til fem. Dette er òg for knapt, og eit av banda er heller stort, på heile 910 sider.

I alt er dei fem banda på over 3300 sider. På ei full side er det 450-500 ord (på sidene med petit meir). Ei vanleg side med slektsstoff kan ha 75-80 årstal, i alt langt på veg ein kvart million årstal. At det mellom alle desse kan vera nokre feil, er ikkje til å undrast over. Rettingar som er komne inn finn ein i band V saman med nye opplysningar.

Av dei titusenvis av namn er det òg nokre feil. Rettingar finst bak i siste bandet. Dei fleste har vore overberande med slikt, men ikkje alle. Det syner eit brev om dette: «Jeg har lov til å kreve at navnet vårt blir skrevet korrekt! Det er meget skuffende at et å kostbart bokverk viser seg å være slurvet med rett skrevne navn!» I dette tilfellet stod det ein i staden for ein h.

Innsamlingsarbeidet har gjenge føre seg både før og etter siste krig utan ein fast systematikk. Ein kandidat Berg skreiv av dei eldste kyrkjebøkene, og dette blei nytta av Jon Hvitsand under det vidare arbeidet. Dette stoffet tok eg over etter han, og nytta det i arbeidet til det fyrste bandet. Ved kontroll synte det seg at avskriftene hadde så mange feil og mistydingar at det var naudsynt å gå gjennom kyrkjebøkene på nytt. Dette forseinka arbeidet mykje.

I det heile har det ikkje vore tid til heilt å systematisere alt kyrkjebokmaterialet. Mange stader står slikt som t.d. dette i band 5, s. 335 (V 335): Kari Halvorsd. ca. 1750-86. Dette vil seie at det ikkje er nærare granska kvar Kari var frå og eksakt når ho var fødd. Fødselsåret er rekna ut etter oppgjeven alder i 1786. Skulle slikt ha vore granska nærare bare i kyrkjebøkene for Sauherad og nabobygder, ville arbeidet ha teke eit par år til.

I ei melding av dei to fyrste banda av bygdeboka etterlyste meldaren ein systematikk i omtalen av bustadhus. Han meinte at dei var omtala tilfeldig etter opplysningane i spørjeskjema, for han tok det som sjølsagt at forfattaren ikkje hadde vore i alle hus i bygda. Men det er nett det eg har, med unntak av nokre hus i tettstaden Gvarv. Mange hus har eg vore i to, tri og fire gonger eller meir. Reisinga i bygda har teke mykje tid.

Det er vanleg å rekne at det tek ca. 4 år å skrive ei gards- og ættesoge på ca. 600 sider. Gards- og ættesoga for Sauherad, i alt over 3300 sider, har eg bruka 14 år på, ikkje full tid fyrste året. Det er for lite. Dette er den einaste bygda eg har skrive for der alle ættene og gardar, bruk, plassar og hus er med fram til i dag. Det har derfor vore vanskeleg på førehand å seie kor lang tid arbeidet ville ta.

I bygda har eg blitt godt motteken og eg gjev bygdebokutvalet og folk elles ein varm takk for all hjelp under arbeidet.

November 1988
Birger Kirkeby