Drangedal med Tørdal – ei bygdesoga |
|
Forfatter(e) | Olav Sannes |
ISBN | – – |
Ant. sider | 728 |
Innb. | Innb. |
Format | 17 x 27 cm |
Forlag | H. Holms Bokhandel, Drangedal |
Utg.år | 1924 |
Språk | Nynorsk |
Lagerstatus | – | Tilgjengelighet | Bla i boka på Nasjonalbiblioteket |
Drangedal med Tørdal
BokinfoInnholdsfortegnelseForord
Innhold | Sidetall |
---|---|
Drangedal med Tørdal | 1 |
Busetting | 6 |
Samferdsel | 24 |
Skogen | 45 |
Jordbruk | 100 |
Kjørkestellet | 127 |
Styr og stell i bygda | 184 |
Frå Folkelivet | 252 |
Hallvard Graatopp | 302 |
Sagn, risper og viser | 324 |
Utvandring | 350 |
Gard- og ættesoga (ordna alfabetisk) | 357 |
Fotografisamling | 707 |
Føreord
Det er omkring 12 år sea eg lova å skrive Drangedals soga. Det er sværare arbeid enn nokon trur. Det må samlast i mange år før ein kan ta til med skrivinga. Det er fyrst i dei siste 5 åra det har blitt noko av det. Men i dei åra har det vore arbeid på boka seint og tidleg i all den tid eg har kunne avsjå.
Alle dei protokollar og brev som ein kan finne om bygda, er granska. Samlingane, som er 12 bøkar, blir gøymt i kommunearkivet. Det meste av arbeidet har eg gjort åleine. Døtrane mine: Johanne, Aashild og Ingebjørg har hjelpt til. Den siste har samla alt fra lensreknskapen i 1600-talet. Lærar Nils Lone har au samla noko. Slikt som manntal og skylddelingar har eg ofte betala for å få skrive av frå arkiva.
Etter framleg frå ordførar Sjetne gjorde heradsstyret og forstandarskapet i Drangedal Sparebank vedtak om å ta vågnaden med å gje ut boka. Dei trygda for kvar sin halvpart. Dei som blei vald til å ordne med det var: Tor Holm, Hans Sjetne og Elling Valnes. Boka skal ikkje koste meir enn prentinga, men etter det ein kan skjønne, tapar ikkje kommune og bank noko på det.
Det var tanken at målet i boka skulde ligge so nære bygdemålet som råd. Dette er nokso likt dei valgfrie formene i landsmålet. Det er da lagt til grunn og fleire ord henta frå bygdemålet. Det er lærar Olav Voje, som har hjelpt meg med å lese korrektur. Andre som har rettleida med målet, er presten Heidal og professor Liestøl. Dr. Skulerud har omsett breva i Graatoppsoga.
Dei som her er nevnt, og andre som har hjelpt meg, sender eg hermed takk.
Det har vore et svært arbeid, men gildt. Det kan vere småting som er gløymt eller feilskriving. Boka er heller ikkje, som alle veit, skriva av nokon fagmann i soga. Men eg vonar at ho kan bli til glede for dei som no lever i bygda, og andre som er utflytta, og endå meir for dlei som kjem etter oss.
Hamøya, 22/10 1924. Olav Sannes.