Flåbygd: ætter og folkeliv

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
Songar6
Fyreord8
Berge - Venheim - Roligheten9
Eivindstul17
Flom24
Hegna - Olav Framnes28
Søndre Flom34
Frå folkelivet47
Gonge - Vaarbu - Knatten69
Mennesker jeg møtte99
Ætta etter Olav Hansoon Berge102
Hegna119
Holm -Tangen123
Slekta etter Torstein og Mari Hynne124
Kittilskåsætta129
Kjeldal - Aavaastraum140
Kleppe - Stavsholt - Fiskodde147
Klippåsen161
Hynne - Berge - Klipphegna - Kvebekk164
Kårstein - Ulsnes172
Liane180
Nes188
Nordre Nes (Nordnes)193
Sundbø198
Omnesætta208
Pershaug - Moen216
Rekanes222
Rønningen229
Nokre sogur og rispur231
Røymaal - Kåsa - Moen233
Smukkestad239
Seng og sengklede249
Solheim - Haugland253
Standeren255
Familien Sundberg258
Sundbø (nedre)262
Sundbø (Nigard)264
L. A. Sørensen268
Tillegg - Mål og vekt275
Tveit - Nordre Sundbø - Røymaal279
Nordre Tveit288
Traskjær303
Nordre Ulsnes307
Venbeim - n. Kaarstein312
Fyreord

Denne boka byggjer i hovudsaka på eit arbeid som Olav Stranna gav ut i 1921: «Lunde Herad med Flaabygd. Gardesogur og Ættetavlur» Som ein ser, blir det svært ofte vist til denne boka av Stranna, som enno er å få kjøpt i Lunde Sogelag.

Boka «Flåbygd. Ætter og folkeliv», greier ut om i alt 35 ætter. Om nokon skulle sakna visse ætter, finn eg det rett å opplyse at alle er spurde om å vera med.

Nokre av dei 35 ættene er «nye» ætter, men dei fleste har opphavet sitt i dei ættene Stranna har greidd ut om.

Oppsettinga av ættene har Stranna gjort etter eit system som er svært oversiktleg og lett å finna fram i. Diverre krev dette systemet så stor plass at eg har funne det rådlaust å nytta det her.

Eg vonar det skal gå greitt å finna fram også i det systemet eg har bruka. Alle har nok så mykje kjennskap til ætta si at dei lett vil finna fram når ein legg merke til «opninga» av kvar slekt, og dei romertala og bokstavane som er nytta der.

Eg vil, som Stranna gjer det, seia at eg har streva for at alt i boka skulle bli korrekt men at det av vanvare kan vera gjort mistak. Liksom Stranna vil eg be om orsaking for dette.

Så sender eg ein takk til alle dei som har hjelpt meg med å skaffa til veges opplysningar om dei einskilde ættene.

Så vidt eg ser, finst det «flåbygdingar» i kvar einaste bygd og by i Telemark og elles ut over heile Noregs land, ja i andre land også for den del.

Eg vil vone at rett mange av desse kan finna noko i denne boka som vil vera dei til glede og som vil vera med å styrkja bandet mellom dei og fedrejorda.

Flåbygd i februar 1978
Gunnar Opheim