Gamle slekter i Telemark

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
1 Øya - Valen - Sti side1-87
2. Lien - Tveitan88-129
3. Melum - Gjærum130-156
4. Aspheim - Åbjørnsrød157-199
5. Jordbakke 2. avdl.200-256
6. Rinde - Haukeli257-288
7. Håtvet - Spirdalen289-319
8. Ljøstad - Afoss320-356
9. Fjeldslekta357-415
10. Gisholtslekta416-488
Namneregister489-524
Føreord

I mange år har eg arbeid med å samla stoff for Ættegransking om slekter i Solum, Halla og Bamle.

Dette granskingsarbeid har greina seg mykje vidare til Heddal, Bø, Lunde, Drangedal, Gjerstad, Sannidal og Vegårdshei, slik at heile det tidlegare nemnde Grenland er meir og mindre kome med. Det er ogso kome med noko om norsk-amerikanarar.

Det er gamle bondeslekter som her er skrive om og som tittel på kvar slekt er vald dei mest omhandla gardar som har vore i slekta gjenom mange år.

Kvar slekt må hava eit siktepunkt og det har ogso dei som her er skrivne. Frå stamfaren greinar slekta seg ut til tredje og noko til fjerde ledd til sidene soleis: Første ledd 1. Andre ledd A. Tredje ledd a) og nokre i fjerde ledd 1).

Utforminga bryter med mange tilvende og standardiserte sjema. Det er her lagt vegt på at det skal vera lett å finna fram. Det er søkt å finna fram opplysningar om kva dei ymse personar har hatt som yrke, men det er ikkje blitt so fyldig som ynskjeleg.

Det er her skrive 10 serskilde slekter. Dei første er teke til med i 1956 so her har nok familiane auka og er soleis ikkje ført fram til no.

Når ein sume stader finn namn som er skrivne på gamle måten, so er det for å syna korleis dei ein gong i tida har vore skrivne. I Gisholtslekta har gardsnamnet Solum vore bruka av slekta i mange år, men so gått over til å kalla seg Solheim . Serleg gjeld dette dei som har flytta ut.

Av kilder er i Statsarkivet nytta kyrkjebøkar, skifter, pantebøkar, tingbøkar og folketellingar for Halla, Heddal, Tuddal, Skien, Solum og Gjerpen. For Eidanger, Porsgrunn, Bø, Seljord, Lunde, Sauherad, Drangedal, Sannidal og Bamble er mest bruka kyrkjebøkar og skrifter.

I Riksarkivet er for det meste granska i skattemanntal og fogderekneskapar.

På Universitetsbiblioteket er sett gjenom det som i ældre tid er skrive om Søndeled og Vegårdshei i Aust-Agder, elles er Statsarkivet i Kristiansand tilskrive om opplysningar frå desse stader.

Det er gjenom mange år samla på avisutklipp og biografiar i ymse blad. Det er ogso send ut brev med spørsmålsjema, og eg har vore mykje på reiser for å sanka opplysningar. Det er mange som har synt stor interesse for dette arbeid og skaffa meg sers godt stoff. Eg takkar desse so mykje for det.

Det er ogso nytta ein god del avkortingar, men desse er so vanlege og ålment kjende at dei truleg ikkje vil skapa nokon vanskar.

Erling Gjærum