Lunde herad med Flaabygd – bind 2

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
Fortids bosetning i Lunde (av Helge Gjessing)1
- Hellemalingen på Rønningen6
- Bronsealderen16
- Jernalderen19
Nokre gamle brev fraa Lunde (ved Sigurd Kolsrud)39
- Tillegg: Nokre andre brev som vedkjem Lundesoga63
Økonomisk tilstand og framvokster74
- Koss bygda saag ut i eldre tid77
- Jordeigedomstilhøva90
- Meir um livsvilkaar og eigedomstilhøve serleg i 1700-talet93
- Midelen aat nokre av bødnene i eldre tid98
- Næringsvegar100
- 1. Jordbruket100
--- «Dei haarde aara»108
--- Kring 1814112
--- Arbeidstilhøva i 1820-aara113
--- Jordbruket vidare framover116
--- Bygdemagasina120
--- Jordbruket baukar framover123
- 2. Krøturstellet137
- 3. Skogsdrifta og timberflotinga150
--- Kolmilur og kolbrenning156
--- Framførsla av timberet158
Folkeupplæringa og skulen176
- Fraa 1739-1814186
- Fraa 1814-1860200
- Lunde fær eigen klokkar og fast skule212
- Fraa 1860-1889 framover214
- «Sokneprest Karl Houens legat»232
- I Flaabygd244
- Flaabygd skipar fast skule248
- Fraa 1860-1889 framover251
- Leselag og folkeboksamlingar257
- «Flaabygd læseselskab»259
Kyrkjune263
- 1. Den gamle Lundekyrkja263
--- Gamlekyrkja blir for trong275
- 2. Den nye kyrkja276
- 3. Flaabygdkyrkja281
- 4. kapellet i Landsmarka286
Kristeleg lære og liv292
- Det kristelege ungdomslaget324
- Tri livssogur328
--- 1. Ein djuptenket og kunnskapsrik Haugianer328
--- 2. Ei kvinne «av den høgste kristelege adel»333
--- 3. Trufast kristelegt arbeidsliv342
- Tillegg: «Den jarlsbergske frimenighed»350
Fatigstellet357
- Fatigstellet i Flaabygd372
Bondeliv381
- Arbeid og skikkar381
- Meir um skikkar407
Hus og husbunad439
Livemaaten og matstellet465
Klædebunad471
Sogur (etter rettsbøker og gamle brev)484
Segner og sogur518
For fridom og fedraland568
For uppattreising av det norske skriftmaalet590
Politisk upplysning og samskipnad596
Skyttarlag og idrott609
- Lunde frilynde ungdomslag618
Bygdestyringa623
- Lensmenner638
Helsetilstand og lækjarar644
For ædrugskap651
Songarar og songarlag663
- Spelemenner671
Handelsmenner675
Sparebankane680
Nokre personsogur685
Vegar og samferdsel710
- 1. Fraa Nome til Strengen712
--- Strengen og gangspelet der715
--- Ulefoss - Strengenvegen blir bygd719
--- Dampbaaten «St. Olaf»721
--- Lundefaret, ferjestad, gjestgjevarstad og skjusstasjon725
- 2. Vegen fraa Nes i Flaabygd til Holte i Nesherad735
- 3. Vegen fraa Lundekyrkja gjenom Nordbygda737
- 4. Vegane i Landsmarka739
- 5. Mindre vegar740
--- Bandak-Nordsjaakanalen741
Poststellet747
Kvernar og sagbruk751
Teglverk og leirtyverk756
Skyld, skatt, mynt757
Rettingar og tillegg760
Innhaldsliste765
Fyreord

Dette bokarbeidet er nærmast for bygdefolket. Eg vonar dei vil finne ikkje so lite av varande verd. Eg bed um orsaking for mauglege mistak og lyte. Tilvisningane her i II bandet til I b. er serleg for aa vise kvarhelst i ættene dei personar høyrer heime som blir fortalt noko um. For utanbygdes som ikkje ættar fraa Lunde, har dette truleg lita interesse. I b. er no so lenge aa faa hjaa bokhandlar Erik St. Nilssen, Skien for 10 kr. boka + porto; dette bandet inneheld gardesogur og ættetavlur. For ættetavlune er bruka same framstellingsmaaten som eg saag var bruka for «stamtavler» til ei av dei større norske embetsmannsættene. Forf. av desse «stamtavler» skriv m.a.: «Den vanlege plan for genealogier - har jeg ikke fulgt da den synes mig temmelig sindsforvirrende». Um den maaten denne forf. brukar, segjer ein bokmeldar raakande at det er aa kartleggje ættene. Dei av bygdefolket som har granska ættetavlune i I b. , og som eg har tala med um det, har sagt at dei har faatt eit greidt og lett oversjaalegt utsyn oer ættene, og dette var nettupp eit av fyremaala med dei. Formannen i «Landslaget for bygde - og byhistorie», prof. O. A. Johnsen, saag gjenom manuskriptet til I b.; han skriv m. a.: «Gaardshistorien er usædvanlig fyldig og dertil læselig, og en slik samling av fuldstændige ættetavler for et mindre distrikt er det i vor bygdehistoriske literatur ikke let at finde maken til».

Um kjeldune til dette arbeidet, umfram dei som er nemnde her i boka, viser eg til fyreordet i I b., likeins um maalføringa. Under arbeidet har eg møtt stor godhug og hjelp. Eg nemner fyrst avlidne dr. Helge Gjessing som tok paa seg aa skrive den verdfulle forhistoriske bolken um Lunde, og som ogsaa gav god studnad elles. Prof. Sigurd Kolsrud leita fram dei gamle skinnbreva fraa Lunde, umskreiv dei og sette merknader til. Prof. Oluf Kolsrud studde paa fleire maatar, og riksantikvar Harry Fett laante boka klichear til bolken um gl. Lundekyrkja. Fraa prof. H. Koht og kand. G. Wessel har eg ogso faatt hjelp. Desse segjer eg hjarteleg takk, sameleis vaar gode ven fraa I b., lærar G. 0. Nordbø; dette gjeld likeins kartteiknar T. Landtvedt, redaktør H. Østerholt, jordbruk lærar O. Mæland postmeister O. Thelle, lærar Nils Hegna og A. G. Sundbø; dei to siste har gjeve mange og gode upplysningar serleg um Flaabygd; Sundbø har gjort mykje for aa skaffe tilfang til Lundesoga og gjeve verdfull hjelp elles og.

Dei mange andre utan - og innanbygdes som paa ymse maatar har studd arbeidet, segjer eg ogso hjarteleg takk. Innanbygds har daa serleg Lune heradstyre med ordf. Olav Ajer i brodden, Lunde sparebank (forstanderskapet), Flaabygd soknestyre og Lunde maallag vist ei interesse for arbeidet og ein offervilje som meir enn noko anna har gjort at Lundesoga er komen og kan leggjast fram i ein tidhøveleg og fin bunad og til ein so billig pris (umlag 3 kr. under den verkelege kostnaden og utan at noko er medrekna for arbeidet). Det er nemleg heradstyret som har stellt seg for utgjevinga av baae banda, og banken, Flb. soknest. og maallaget har betala klicheane m.m. - nære 3 000 kr. -, det allermeste sparebanken. K. Templen har ofra ikkje lite til fotografering for buka. Og avdi alt dette er gaavur, er det ikkje medrekna i bokprisen.

Aa faa eit kart over bygda med i boka lykkast ikkje; kartteiknaren svara at her ikkje no finst brukande tilfang til eit sovore arbeid.

For dei upplysningar til boka som er tekne med um Lundeheringar i Amerika, er eg mykje takksam. Eg vonar at Telemarkingar derover, serleg sambygdingar og dei som ættar fraa Lunde vil finna eit og anna i boka aa glede seg over, og eg ynskjer at Lundesoga maa bli som ei kjær helsing til dei fraa heimbygda og hjelpe til aa knyte sambandet fastare millom dei og fedralandet.

Lunde, 10. mars 1925
0. S.