Nokre ætter i Lunde

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
Lundesongen7
Fyriord9
Børte A, B, C, D11
Ola Dammen67
Fiskodde75
Gryte85
Helgetveit nedre130
Hovland140
Kjellemo149
Kleppe nedre161
Kleppe øvre168
Kaasa - Hellestad178
Borgar Laug202
Olav Karlsen Lauvåsen212
Ole Pedersen Lia214
Lundefaret - Aasen224
Lundtveit229
Norheim253
Neri Ova273
Ova Hvaala303
Skjella342
Skjella - Vibeto347
Skordal353
Steinsrud392
Sundbø - Haugen424
Suvdal439
Svenseid445
Olav Verpe - Kittilsrud452
Ytterbø470
Familien Ødegaarden477
Fyreord

Denne boka er, eit stykke på veg, ei ajourføring av Olav Strannas bok: «Lunde Herad med Flaabygd. Gardesogur og Ættetavlur». Som ein ser, vert det ofte vise til denne boka. (Sjå Str.) Av og til blir det også vist til mi bok: «Flåbygd. Ætter og Folkeliv». (Sjå Fl.) Båe desse bøkene er å få kjøpt i Lunde Sogelag.

«Nokre Ætter i Lunde» har vore under arbeid i mange år. Mangt har og hendt i denne tida. Mange er bortfarne, og mange har korne til. Så godt me har kunna, har me prøvd å få med alle som høyrer til desse ættene. Likevel, langt frå alle vil finna sine i denne boka.

Når me stanar her, er det fordi åra har blitt så mange, og at eg av den grunn har funni det klokast å gje ut det eg har samla.

Nokon sa at bygdebøker utan feil finst ikkje. Truleg er det soleis også med «Nokre Ætter i Lunde». Dette må eg bare seia meg lei for. Årsakene til feil som finst, kan elles vera mange.

Mange har hjelpt til med å gje opplysningar om ættene. Eg sender dykk alle ein hjarteleg takk.

Med takksemd minnest eg Johannes Sprove som døydde i 1982. Sprove var glad i bygda si, og han visste mykje. Han var god å gå til når noko tyktest uklårt. Alltid var han viljug til å dela med seg av kunnskapane sine.

Flåbygd, 2. januar 1986
Gunnar Opheim