Meir frå bygda

 

BokinfoInnholdsfortegnelseForord
InnholdSidetall
Føreord7
På grautfets i Bergetunet9
- Berge-Hynne10
Påskeminner fra Kanalen15
Den gamle nåledammen på Kjeldal sluse19
Sluesanlegga Hogga - Kjeldal22
Narren28
Råd for ryggplager29
Gangedammen i Kjeldal-skogane31
Sverrdalen i Kjeldal-skogane35
Rinde37
Husmanndskontrakt39
Købekontrakt40
Flaabygd Kvægassuranseforening41
Ei lita soge omm uteliggaren frå steinura under Natten43
Farvel til fjellet46
Eit dikt til heimen47
Du gamle træ48
Tidene skifter, ja!49
- Aar 2001 i Lunde49
Funnemark52
- Den gamle gard52
Knivmakaren Gunnulf Klippenhegna54
Menstadskogane i Flåbygd56
Ungdomsminne frå stulen58
Stulsliv67
Eitt og anna frp folkelivet i gamle dagar70
Gunnar O. Berge73
Gamle dyresoger frå Lunde75
- Borgarflåge i Østerholtnatten75
- Bjønnen tok hemn76
- Bjønn på stabburstrammen76
- Om bjønnestille76
- Siste ulvejakta77
- Ulven skyr eld77
- Skrubbedælen og Skrubbåsen78
Slaktetid79
«Den sagnomsuste»82
Gjestgiveriet på Saltevje84
Gjert Skaate87
Aaste90
Margit Brekka - nokre minneord om Margit og mor hennar91
Til Margit Brekka på 86-års dagen95
Frå grendelivet97
Min barndom103
Olav Brattekaa, salme111
Manneberget112
På vandring i Gunnar Høydalens rike114
- Landsmarka, der historia lever115
- Lang veg til presten115
- «Gunnar bjørneskyttar»116
- Meistertjuven Ole Høiland116
- Grev Rahben frå Danmark117
- Vemodig krigsminne119
Skiidrotten stod høgt i Flåbygd120
- Dei stilkarakterane122
«Det var felespel frå kveld til morgon» hos Tor123
- Læremeisteren åt Tor125
- «Høyversdagen»125
- Dei spela og dei spela!125
- Fukerud'n var stor!127
- Tru mot tradisjonen127
Rekning var viktig129
- Eksamensoppgåve i rekning, 1951130
- Årseksamen i 7. klasse i lunde 1994131
Føreord

Boka som her ligg føre, byggjer på eit årelangt arbeid av Gunnar Opheim. Tidlegare har Gunnar gjeve ut skriftet «I manns minne», «Flåbygd. Ætter og folkeliv» og siste boka frå hans hand var «Nokre ætter i Lunde».

Tilfanget til denne boka: «Meir frå bygda», har Gunnar Opheim henta frå fleire hald. Mykje har han skrive sjølv, sumt har han fått andre til å skriva ned. Det er vist stor respekt for den einskilde forfattar, såleis er det halde fast på gamle ord og vendingar som nok ikkje høyrer til ein læreboknormal anno 1994. For ettertida har me funne det rett å halde fast på denne forma, slik at vårt «gamle bygdemål» skal få leva gjennorn desse boklinene. I dag merkar me så alt for ofte trugsmåla vårt gamle bygdemål og kultur vert utsett for. Av denne grunn ser me det som ei oppgåve å verna om dette som best me kan.

Mange har vore med og gjeve sitt bidrag til boka. Med dette vert dei alle takka, me har sett umåteleg stor pris på den store interessa dei har vist.

Den som har gjort det mogleg å gjeva ut denne boka, er Gunnar Opheim som både tok initiativet til utgjevnaden, og gjennom «Flåbygdlegatet» han oppretta, har gjort det økononisk gjennomførbart. Ei takk til Lunde Sparebank også som har støtta arbeidet vårt med denne boka.

Boka de nå held i handa, er Gunnar Opheim sitt verk, og stor takk vert med dette retta til han.

Flåbygd, oktober 1994
For Flåbygdlegatet
Gudmunn Kyrkjebø