Reparasjon av Romnes brygge
I et fellesprosjekt mellom Telemarkkanalens Venner og Holla Historielag nærmar vi oss nå slutten på å reparere ett stort og ett mindre hol i Romnes brygge. Ein viktig holdestein hadde også glidd ut i Norsjø, og ein var redd for at nye høst-stormar kunne øydelegge meir på denne fine brygga frå 1904.
Vi har rydda vegen ned til brygga for å kome til med eit traktorlass på 5-6 kubikk stein. Birger Bergland har bora 16 hol til feste for 8 bindhakar han har smidd. Ein større del av brygga er nå festa i fjell. All steinen ein ser på bildet og litt til er nå på plass. Nå gjenstår stort sett å støype i sprekkane mellom steinane.
Triveleg arbeid (stort sett), og det er god trening for bein, rygg og arm-musklar.