Dugnad i Bryggevegen

Dugnad i Bryggevegen (1)

Like før korona-tiltaka i landet hadde vi et par dugnader i Bryggevegen i uthuset på andre sida av Haugbygningen med folk fra Holla Historielag/Øvre Verkets venner. Vi fikk rydda opp i gamle råtne gulvbord og også mange gode bord som ikke passa inn gikk på plankehaugen.

Nye bærebjelkar og golvplank blei ordna på solid og gammaldagsvis av Leif Johan Rønningen og Dag Fosse. Det blei ein flott ny sal.

Versågo og forsyn deg gratis av plank på baksida av uthuset.

Dugnadsfolk var Rune, Erling, Reidar, Ole og Gunnar.

Dugnad i Bryggevegen (2)Dugnad i Bryggevegen (3)Dugnad i Bryggevegen (4)
Alle foto: Gunnar Sanden
 

Reparasjon av Romnes brygge

I et fellesprosjekt mellom Telemarkkanalens Venner og Holla Historielag nærmar vi oss nå slutten på å reparere ett stort og ett mindre hol i Romnes brygge. Ein viktig holdestein hadde også glidd ut i Norsjø, og ein var redd for at nye høst-stormar kunne øydelegge meir på denne fine brygga frå 1904.

Reparasjon av Romnes brygge (5)
 
Vi har rydda vegen ned til brygga for å kome til med eit traktorlass på 5-6 kubikk stein. Birger Bergland har bora 16 hol til feste for 8 bindhakar han har smidd. Ein større del av brygga er nå festa i fjell. All steinen ein ser på bildet og litt til er nå på plass. Nå gjenstår stort sett å støype i sprekkane mellom steinane.

Triveleg arbeid (stort sett), og det er god trening for bein, rygg og arm-musklar.

 

Stallane – venter på vinduer

Nå ventar vi bare på vinduer så er vi ferdige med jobben for å rehabilitere Stallane i Nukedal. Etter at bildene nedenfor blei tatt har vi lagt på gamle bølgeblikkplater også på «høy-løa», som var bygd inntil koia. Eg trudde i min naivitet at vi skulle legge den beste sida av plata opp, men andre ville ha rustsida opp, og slik blei det.

Ellers er det greit å ha medlemar i Historielaget som har ein V8’er pickup til å dra gravemaskin med og ein som også kan køyre maskina. Og det er alltid greit å ha ein tømrer fra Lanna med, og alle dei andre enten det er «gamle» bankfolk, eks-kolonialeigar, ligningsfolk, bilselgar, dokter eller siviløkonom som er med.

Stallane – venter på vinduer (1)Stallane – venter på vinduer (2)
Stallane – venter på vinduer (4)
Stallane – venter på vinduer (3)
Stallane – venter på vinduer (5)

 
Alle kan brukast på dugnad borti Nukedal. Noken med slegge, noken med hammar, noken til å fyre, noken med motorsag og alle til å lyge og fortelle historiar.Slik går nå dagan.

Triveleg var det å få inspeksjon av Sigmund Bærland og Ole Moen også.